Sammendrag
Master
Bergen
2 år
Heltid
Støttet av lånekassen
Høst
Klasserom

Kulturvitskap

Masterprogrammet i kulturvitskap handlar om den kulturelle dimensjonen ved kvardagslivet i fortid og notid. Korleis er kulturen til stades i alt vi gjer - i for eksempel seksualiteten vår og haldninga vår til kropp, i maten vi et eller i bruken vår av sosiale medium? Og kan kvardagskulturen seiast å vere fundamentet for heile samfunnslivet? 

Dette studiet gir deg eit grunnlag for å analysere kulturell kompleksitet, endring og stabilitet.  

  • Gjennom arbeidet med masteroppgåva spesialiserer du deg òg på å forstå eitt bestemt kulturelt fenomen.  
  • Du får oversikt over ulike teoretiske rammeverk og omgrep som kan brukast til å forstå og formidle kultur i fortid og notid.  
  • Du får bruke ulike kvalitative metodar, frå feltarbeid som observasjon og intervju, til analyse av arkivmateriale, museumsutstillingar, mediemateriale, sosiale medium, osv.  
  • I tillegg får du kjennskap til forskingsetiske utfordringar i faget.  

Med ein master i kulturvitskap får du svært god øving i analyse og tolking av ulike kjeldemateriale. Du får ei innføring i problemløysing knytt til innsamling, behandling og presentasjon av store mengder materiale. Arbeidssøkjarar med master i kulturvitskap vil derfor være særleg kvalifiserte til yrke der søk, systematisering, analyse og formidling av materiale står sentralt. 

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!