Klinisk ernæring
Universitetet i BergenKlinisk ernæring
Kliniske ernæringsfysiologar er autorisert helsepersonell og jobbar med ernæringsbehandling av pasientar både på sjukehus og i kommunehelsetenesta. I helsetenesta jobbar kliniske ernæringsfysiologar tett saman med blant anna legar og sjukepleiarar. Ernæringsbehandling inngår i behandlinga av ei rekke ulike sjukdomar som leversjukdom, nyresjukdom, kreft, lungesjukdom, diabetes, hjarte- og karsjukdom og inflammatoriske tarmsykdomar, og for nokre sjukdomar er ernæringsbehandling den einaste kurative behandlinga som finst.
Aktuelle spørsmål i dette faget er:
Kva skal ein ete når nyrene ikkje fungerer lenger?
Kva næringsbehov har kroppen når den blir utsett for kritisk sjukdom?
Finst det ernæringsbehandling for irritabel tarm?
Korleis kan ein førebygge leverkomplikasjonar hos pasientar som er avhengig av intravenøs ernæring?