Kinesisk
Universitetet i BergenKinesisk
Kinesisk er det mest utbreidde morsmålet i verda. Med ein bachelorgrad i kinesisk får du kunnskapen du treng for å kommunisere med 1,4 milliardar menneske. Som del av studiet lærer du òg om kinesisk historie og kultur, og du blir i stand til å kommunisere både i akademiske og kvardagslege samanhengar.
På kinesiskfaget får du svar på spørsmål som:
Kina sin økonomi er den nest største i verda, og har hatt ei dramatisk utvikling dei siste 40 åra. Kina har blitt ein svært viktig handelspartnar for Noreg og Europa, og det blir stadig viktigare å ha eit godt økonomisk og politisk samarbeid. Gjennom bachelorstudiet får du forståing for ein annleis og unik kultur. Du får møte eit land som er langt unna oss både geografisk og kulturelt, og oppleve historie, folk og mat som vil utvide horisonten din.
- Kor mange skriftteikn må du kunne for å skrive og lese kinesisk på eit fungerande nivå?
- Forstår dei som snakkar mandarin, kantonesisk og taiwanesisk kvarandre?
- Er konfutsianisme den nasjonale religionen i Kina?
- Korleis har det seg at Kina er kjend som eit sosialistisk land, men har marknadsøkonomi?
Studiet er nytt og er eitt av dei to beste studieprogramma for kinesisk språk og kultur i Noreg.