Vis studentum.no som: Mobil

Integrert masterprogram i energi (sivilingeniør)

Universitetet i Bergen

Om utdanningen

Mål

Studieprogrammet i energi skal gi eit solid teoretisk fundament for å forstå eit breitt spektrum av problemstillingar innan energiressursar og energiforsyning. Programmet skal gi kandidatane evne til å setje energiforsyning og -bruk inn i eit globalt og nasjonalt perspektiv knytt til klima, miljø og samfunn. Eit overordna mål er å forstå dagens problemstillingar innan energiforsyning og vera særskilt godt rusta til å løyse utfordringar for å nå målet om berekraftig energi til alle.


Innhald
I studiet lærer du om energiressursar,- som vatn, vind, sol, bioenergi, samt fossil energi. Du vil lære om korleis dei ulike energikjeldene kan bli omforma og utnytta, om berekraft og klimaavtrykk, og korleis til dømes hydrogenteknologi og CO2-handtering kan bli tatt i bruk for å redusere CO2-utslepp.

Studiet introduserer også andre teknologiar som i liten grad er tatt i bruk, men har stort potensial, som til dømes teknologi basert på energi frå bølgjer, tidvatn og jordvarme.

Du vil lære om moglege utfordringar knytt til nye fornybare energikjelder som til dømes lagring og leveringstryggleik.

Studiet gir deg kunnskap om teknologiske, samfunnsmessige og miljømessige konsekvensar ved bruk av ulike energikjelder.

Etter fire semester med felles emne spesialiserer studentane seg innan ei av følgjande studieretningar: «vind- og havenergi», «reservoar og geoenergi», «energi- og prosessteknologi» eller «kjemiske energiløysingar». Valet tek du i fjerde semester.

Studiet gir deg solid kompetanse i grunnleggjande realfag og grunnlag til å følgje med og bidra i energiomstillinga. I tillegg får du breiddekunnskap som hjelper deg å setje energi inn i eit samfunnsperspektiv.

Studiet gir sivilingeniørkompetanse. Det betyr at du i tillegg til dei grunnleggjande realfaga får kunnskap innafor fag som programmering, teknologileiing, økonomi og miljøfag.

I studieprogrammet nyttar ein varierte arbeidsformer som førelesingar, seminar og gruppearbeid, laboratorieøvingar, praksisopphald i bedrift/ forskingsverksemd og ekskursjonar. Du vil bli rettleia i eit spesialisert masteroppgåveprosjekt over eitt år i slutten av studiet. Studieprogrammet består av emne ved Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i syv fakulteter med en rekke tilhørende institutter og faglige sentre.

Universitetet i Bergen er også del av et globalt nettverk av studenter, forskere og kunnskapsinstitusjoner.

Vis alle utdanninger fra Universitetet i Bergen

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43
www.uib.no


Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!