Human ernæring

Universitetet i Bergen
Sammendrag
Master
Bergen
2 år
Heltid
Støttet av lånekassen
Høst
Klasserom

Human ernæring

Som ernæringsstudent får du forskingsbasert kunnskap om samanhengane mellom kosthald og helse. Studiet tar opp tema som ernæring gjennom livet og ernæring ved førebygging av sjukdom.

Gjennom studiet får du grundig kunnskap om human ernæring: Fordøyelse og opptak av næringsstoff i kroppen, metabolisme og helseeffektar, innhald i maten, ernæringsutfordringar og fysiologien til mennesket. Det blir lagt vekt på forskingsetikk, statistikk og forskingsmetodar som blir brukt i ernæringsforsking. Du lærer å bruke metodar som kosthaldsregistrering, næringsstoffanalyse og biokjemiske/molekylærbiologiske teknikkar.

Du får undersøke samfunnsutfordringar knytt til ernæring og dei store folkesjukdomane som hjarte- og karsjukdommar, kreft, diabetes og fedme. 

Aktuelle forskingsspørsmål frå masteroppgåver er eksempelvis:

Kva skjer i kroppen dersom maten vi et inneheld mikroplast?
Har personar med fedme annleis genuttrykk enn slanke menneske?
Er det alltid bra å ete mykje fisk?

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!