Helse og samfunn
Universitetet i BergenHelse og samfunn
Programmet er unikt og tverrfagleg, knytt til særs sterke forskingsmiljø som jobbar med nasjonale og globale folkehelseutfordringar. Tverrfagleg kunnskap er høgaktuell for å kunne forstå kompleksiteten i desse utfordringane, og drive klinisk relevant forsking for å møte dei.
Studiet har ein problematiserande innfallsvinkel til forståinga av forholdet mellom helse og samfunn, og du blir kasta ut i sentrale tema og problemstillingar. Her blir du utfordra til å utvikle forskbare problemstillingar på eige fagfelt.
I dette studiet ser ein på folkehelseutfordringar på både individ- og samfunnsnivå. Det helsefaglege perspektivet vert sett i samanheng med sosial ulikskap, maktforhold, samfunnsøkonomiske og prioriteringsmessige problemstillingar. Denne kunnskapen er attraktiv for helsemyndigheiter, helseutdanningar og i spesialist- og kommunehelseteneste.