Vis studentum.no som: Mobil

Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk

Universitetet i Bergen
Sammendrag
Master, 2 år
Bergen
Deltid
Ja

Om utdanningen

Masterstudiet i undervisning med fordjuping i nordisk språk og litteratur er eit toårig studium der målet er å vidareutdanne allmennlærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for oppgåver i den vidaregåande skulen.

Gjennom masterstudiet skal studentane tileigne seg teoretisk og erfaringsbasert kunnskap og dugleik som kan bidra til å utvikle deira kompetanse for å undervise i norsk i grunnskulen. Studiet har ei innretning som er relatert til praksis i skulen, og det er ei overordna målsetjing å kunne byggje bru mellom erfaringskunnskap frå norskfaget i skulen, den forskingsbaserte disiplinkunnskapen i nordiskfaget og den fagdidaktiske kunnskapen. Alle emne i studiet skal bidra til auka dugleik og refleksjon i høve til å undervise faget og kunne leggje til rette for at elevar kan lære i faget.

Studiet er praksisnært og masteroppgåva skal vere fagdidaktisk.

Programmet har tre delar: fellesemne, fag/ fagdidaktiske emne og masteroppgåve.

1. Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling - fellesemne som tilsvarar 15 studiepoeng inngår utan studiepoeng (2.- 5. semester)

2. Faglige/ fagdidaktiske emne på 200 og 300 nivå, 45 stp.

3. Vitskapleg metode og vurderingsteori, fellesemne, 15 stp.

4. Forskingsbasert, fagdidaktisk masteroppgåve, 60 stp.

Studiet vil gi ei innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar knytte til masterfaget, og inneheld trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av norskfaget i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at studentane kan bidra til å vidareutvikle norskfaget. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.

Studentane skal gjennom det faglege innhaldet få møte fordjupingsemne både innanfor nordisk språk og litteratur og fagdidaktikk slik at dei kan få eit teoretisk grunnlag for å gå vidare med masteroppgåvene. Fordjupingsemna er forskingsbaserte.

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i syv fakulteter med en rekke tilhørende institutter og faglige sentre.

Universitetet i Bergen er også del av et globalt nettverk av studenter, forskere og kunnskapsinstitusjoner.

Vis alle utdanninger fra Universitetet i Bergen

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43
www.uib.no


Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!