Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk
Universitetet i BergenErfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk
Dette studiet er for deg som er norsklærar i skulen og alt har ei årseining i norsk, men som ønsker å bygge på til master og oppnå lektorkompetanse. Masteroppgåva kan vere ein empirisk studie gjennomført på arbeidsstaden din. Dermed kan utdanninga også fungere som eit kompetanseløft for kollegaane dine ved skulen.
Det erfaringsbaserte perspektivet du kjem med til studiet, er verdfullt og vert vektlagt. Du får høve til god fagleg fordjuping med ei masteroppgåve som svarar til 60 sp.
Hos oss vert det skrive oppgåver innafor alle sider som rører ved norskfaget i skulen. Oppgåvene kan i ulik grad vektlegge teoretiske eller empiriske sider. Dei kan t.d. vere knytte til læreplanar, lærebøker, lesing, skriving, litteratur, munnleg, nynorsk, bokmål, andrespråkslæring, norrønt, talemål, testing, undervisningsmetodar, og vurdering og respons.