Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i engelsk
Universitetet i BergenErfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i engelsk
Masterstudiet i undervisning med fordjuping i engelsk er ei vidareutdanning for lærarar som ønsker å bygge på til master og oppnå lektorkompetanse.
Studiet hjelper deg som er engelsklærar til å sjå di eiga undervisning på eit metanivå, og til å ha ei undersøkjande haldning til både det å vere lærar og til elevane si læring.
Studiet koplar erfaringskunnskapen din frå skulen med forskingsbasert disiplinkunnskap i engelsk og fagdidaktisk kunnskap. Du får kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at du kan bidra til å vidareutvikle engelsk som fag. Studiet fremjar kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.
- Korleis kan du bruke fagkunnskap og didaktisk teori til å undersøke læring i klasserommet?
- Korleis skal du som lærar vurdere læremiddel og arbeidsformer i dei ulike skolefaga?
- Korleis kan du bruke teoriar om språk, tekst og kultur til å rettleie elevane i læringsprosessane deira?
På dette faget stiller vi spørsmål som: