Engelsk
Universitetet i BergenEngelsk
Du kan velje å spesialisere deg innan lingvistikk, der vi ser nærare på den historiske utviklinga av det engelske språket og dei ulike variantane som har oppstått når språket har spreidd seg til nye område. Vi lærer også om dei grunnleggande områda i språket, fonologien, grammatikken og ordtilfanget, og nyttar denne kunnskapen til å forstå korleis språket fungerer.
Alternativt kan du spesialisere deg innan engelskspråkleg litteratur og kultur, både historisk og i samtida. I emne med historisk oversyn utforskar du litterære sjangrar og korleis engelsk litteratur har utvikla seg fram til i dag. Du lærer også om teori og metode innan litteraturvitskap – korleis du kan analysere og tolke litteratur, lese tekstar inngåande, analysere dei i lys av litteraturhistorie og litterær form, og opprette dine eigne tolkingar av teksta.
Som masterstudent i engelsk blir du inkludert i eit samansveisa fellesskap av både masterstudentar og tilsette. Du følger kurs som er basert på relevant, nyare forsking og skriv oppgåve om eit tema som interesserer deg.
- Korleis oppstår nye språkvariantar, korleis utviklar dei seg og på kva måte skjedde dette før i tida?
- Korleis og kvifor oppstår språkendring?
- Kva type endringar skjer i det engelske språket i dag?