Barnevern
Frå hausten 2022 endrar programmet seg og ny studieplan og utdanningsplan følgjer. For å søkje må du ha bachelor i barnevern.For deg som starta hausten 2021 og 2020 vil den utdanningsplanen og studieplanen du starta på gjelde til du er ferdig.
Barnevernfagleg kompetanse byggjer på bidrag frå fleire ulike fagdisiplinar, mellom anna psykologi, juss, pedagogikk og sosiologi. Utdanninga skal gje progresjon som byggjer fagleg bru mellom bachelor i barnevern og master i barnevern.
Studiet skal få fram barnevernspedagogar som kan reflektere kritisk over eigen praksis, samt vurdere samanhengar mellom samfunnsmandat, politiske diskursar, teori, forsking, gjeldande regelverk og relevant rettspraksis. Utdanninga skal setje kandidaten i stand til å forstå og forvalte dei verkemidla barnevernet rår over, slik at barn og unge som lever i utsette livssituasjonar får riktig hjelp til rett tid.
Masterprogram i barnevern gjev kandidatane kompetanse til å utøve kunnskapsbasert praksis i tenestene. Etter enda utdanning har kandidaten avansert kunnskap om barnevernsfaglege arbeid med barn, unge og familiar som lever i ein utsett livssituasjon. Det barnevernfaglege arbeidet inneber førebygging, rettleiing, utgreiings- og endringsarbeid, samt forvalting, saksbehandling og kritisk tenking i avgjerdsprosessar.
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i syv fakulteter med en rekke tilhørende institutter og faglige sentre.
Universitetet i Bergen er også del av et globalt nettverk av studenter, forskere og kunnskapsinstitusjoner.