Vis studentum.no som: Mobil

Bachelorprogram i klima, atmosfære- og havfysikk

Universitetet i Bergen
Sammendrag
Bachelor
Bergen
3 år
Heltid
Ja

Om utdanningen

Mål
Bachelorprogrammet i klima-, atmosfære- og havfysikk har som mål å gi studentane ei grunnleggjande innføring i dei faktorane som styrer rørsla i atmosfæren og i havet og deira eigenskapar. Studiet dekker såleis fysiske eigenskapar til atmosfæren, fysiske og kjemiske eigenskapar til hav, og korleis ein tek målingar og gjer analyse av desse. Studiet gir og ei innføring i enomen som påverkar vekselverknaden mellom atmosfære og hav, og korleis nemnd kunnskap kan nyttast for å forstå og forklare variasjonar og endringar i klima.

Innhald
Bachelorprogrammet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk og matematikk, og gir studentane god bakgrunn for arbeid i mellom anna forsking, utdanning, forvaltning, vêrvarsling, klima og fornybar energi.
Fagområdet klimafysikk skildrar tilstanden i hav og atmosfære over lang tid, korleis desse endrar seg over tid og korleis dei er kopla saman og påverkar kvarandre.
Fagområdet meteorologi, eller atmosfærefysikk, er studiet av vêrfenomen og dei ulike fysiske eigenskapane og prosessane i atmosfæren.
Fagområdet oseanografi, eller havfysikk, er studiet av dei ulike eigenskapane og prosessane i havet. Dette fagområdet inneheld også skildring av krinslaupet til kjemiske stoff, som karbon og næringsemne, i havet.
I både meteorologi og oseanografi er dei fysiske lovene formulerte med hjelp av matematiske likningar som nyttast til å skildre og betre forstå naturen.
Ettersom faga nyttar informasjonsteknologi blir informatikk tilrådd som støttefag.

Studieprogrammet nyttar forsking og ekspertise i fysikk, matematikk, kjemi og geofysikk til å utdanne kandidatar med kompetanse i meteorologi, oseanografi og fysiske klimavariasjonar, samt dannar grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad ).

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i syv fakulteter med en rekke tilhørende institutter og faglige sentre.

Universitetet i Bergen er også del av et globalt nettverk av studenter, forskere og kunnskapsinstitusjoner.

Vis alle utdanninger fra Universitetet i Bergen

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43
www.uib.no


Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!