Vis studentum.no som: Mobil

Bachelorprogram i biologi

Universitetet i Bergen

Om utdanningen

Biologi er læra om alt som lever, og tar for seg prosessar, mangfald og samanhengar i naturen. Evolusjon er det overordna prinsippet i biologien, som gir oss ein kraftfull modell til å forstå og forklare korleis alt vi ser i naturen har utvikla seg frå eit felles opphav gjennom 3,5 milliardar år. Bachelorprogrammet i biologi gir deg ein brei naturfagleg bakgrunn, og du får innsikt i alt frå naturmiljøet sin kjemi og fysikk til matematikk og statistikk, fysiologi, molekylærbiologi, organismebiologi og mangfald, evolusjon og økologi. Du får møte biologi i praksis i omfattande lab- og feltkurs der mikrobar, dyr og planter står i sentrum. Som student hos oss blir du frå første dag ein aktiv deltakar i det største biologiske fagmiljøet i Noreg. Studiet presenterer heile disiplinen biologi, og er lagt opp slik at studieaktiviteten bidreg til å etablere eit fagleg og sosialt fellesskap. Bergensregionen har sterke marine forskings- og innovasjonsmiljø, og dette speglar seg i undervisninga vår. Institutt for biovitskap er vertskap for Senter for framifrå utdanning i biologi, bioCEED.

Bachelorprogrammet i biologi er 3-årig (180 studiepoeng ). Eit sentralt mål er å gje studentane brei naturfagleg bakgrunn i kjemi, fysikk og statistikk i tillegg til biologiske kjernefag, som ein god basis for å forstå moderne naturvitenskap og dei grunnleggande spørsmåla om livet og naturen.

Bachelorprogrammet i biologi set dei klassiske biologidisiplinane i et breitt og moderne perspektiv, og skal gje praktiske ferdigheiter gjennom laboratorieundervising, feltarbeid og sjølvstendige oppgåver. Dei biologiske faga spenner om økologi, biodiversitet, fysiologi, molekylærbiologi, cellebiologi og genetikk, med evolusjonsteorien som felles ramme. Undervisinga er knytta til forskinga ved Universitetet i Bergen, med marine fag som eit viktig satsingsområde.

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i syv fakulteter med en rekke tilhørende institutter og faglige sentre.

Universitetet i Bergen er også del av et globalt nettverk av studenter, forskere og kunnskapsinstitusjoner.

Vis alle utdanninger fra Universitetet i Bergen

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43
www.uib.no


Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!