Master i teater
Master i teater ved Teaterhøgskolen
Masterstudiet i teater er eit toårig fulltidsstudium. Målet med studiet er å utvikle scenekunstnarar som kan bidra til fagleg nytenking, bringe inn nye perspektiv og skape særeigne kunstnariske uttrykk innanfor ein vid definisjon av kva scenekunst er og kan vere.
Studiet er retta inn mot kunstnarisk praksis, og ein vesentleg del av studiet består av kollektive, skapande prosessar der ulike faglege fordjupingar møtest.
Studiet rommar eit unikt høve for fagleg utvikling og bevisstgjering, og krev samtidig vilje til sjølvstendig arbeid og refleksjon.
På masterstudiet får studentane høve til å reflektere over og vidareutvikle kunstnarskapet sitt, fordjupe seg i kunstnarisk utforsking, delta i nye samarbeidsformer og presentere arbeida sine innanfor profesjonelle rammer på ein av Europa sine fremste kunsthøgskular. Det kunstnariske arbeidet skjer både individuelt og i samarbeid med ei samansett student- og lærargruppe.
Studentane på masterstudiet møter variert undervisning og eit breitt spekter av kunstnariske verkstadprosessar. Sentralt står produksjonsarbeid som leier fram mot ulike former for visningar og framsyningar, og under tett oppfølging frå lærarar og rettleiarar på høgt norsk og internasjonalt nivå. Studiet blir avslutta med eit kunstnarisk masterprosjekt der det også inngår ein refleksjonsdel.
Studiet kvalifiserer også til å søkje om opptak til doktorgradsprogram for kunstnarisk utviklingsarbeid (ph.d.) og andre relevante stipendiatprogram. Både enkeltpersonar og grupper er velkomne til å søkje.
Kommende startdatoer
Teaterhøgskolen
Teaterhøgskolen ble etablert i 1953, og er landets ledende institusjon for utdanning av skuespillere og scenekunstnere. Høgskolen tilbtyr bachelorstudium i skuespill og regi, samt masterstudium i teater med ulike spesialiseringer. De har også praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) for deg som vil...