Vis studentum.no som: Mobil
Sammendrag
Deltid
Yrkesrettede kurs og utdanninger
3 år (to ukeskurs i året)

Vevopplæringa

vevopplæringa

Vevopplæringa

Ei kursrekkje som kan vera ein del av løpet til sveinebrev.

Vevopplæringa er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Kursrekkja består av sju modular, og til saman skal dette gje deltakarane ei brei innføring i handvevarfaget. Kursrekkja er open for alle som ønskjer å lære meir om veving, enten som grunnlag for fritidsinteresser eller næring. Det er mogleg å ta heile kursrekkja, eller berre enkeltmodular. Modulane er lagt opp etter vanskegrad med tilrådd rekkjefølgje. Dess lenger ut i kursrekkja ein kjem, dess meir forkunnskap vil kursa krevje.

Om undervisninga

Ved å fullføre heile kursrekkja får du praktisk innføring i alle kompetansemåla i læreplanen for handvevarfaget VG3. Vevopplæringa legg vekt på praktisk arbeid i ulike teknikkar innan handveving, og skal blant anna medverke til å utvikle og stimulere til estetisk bevisstheit og kritisk refleksjon.

Opplæringa skal vidare gje forståing for forholdet mellom design, marknad og produksjon av handvevde produkt og tenestar. Mengdetrening må du sjølv sørgje for undervegs. Har du som mål å ta sveinebrev kan du få individuell rettleiing mellom samlingane. Opplæringa har som mål å stimulere til auka interesse for faget, og om mogleg enda fleire vevprodusentar og kurslærerar i handveving i Noreg.

Om kursrekkja

Kursrekkja er ope for alle som ønskjer å lære meir om handvevarfaget, anten som grunnlag for eigenproduksjon eller næring. Kursa i Vevopplæringa er ikkje nybyrjarkurs, og det er inga opptakskrav for å delta, men for å få best mogleg utbytte av opplæringa er det ein fordel med grunnleggjande kunnskap i veving. Det blir også gjeve innføring i dataprogram for vev. Det er mogleg å ta heile kursrekkja eller berre enkelte kurs. Kursrekkja er lagt opp etter vanskegrad med anbefalt rekkjefølgje, dess lenger ut i rekkja du kjem, dess større krav til forkunnskap.

Heile løpet går over tre år med to vekeskurs i året. Lærerane på Vevopplæringa er av dei beste på sitt fagfelt i landet.

Opptakskrav/Søknad

Kursrekkja er open for alle som ønskjer å lære meir om veving, enten som grunnlag for fritidsinteresser eller næring.

Studiefakta, Tittel m.m

Ved å fullføre heile kursrekkja får du praktisk innføring i alle kompetansemåla i læreplanen for handvevarfaget VG3.

Kostnader

Kursavgift: kr. 3750,- per modul + materiell, ca. 300,- per modul. Garn kan kjøpast av kurslærar på kurset.

Kost og losji: Raulandsakademiet tilbyr fullpensjon. 6 døgn kr. 5400,-. Deltakarane må sjølve ta kontakt med akademiet for overnatting.

Jeg vil vite mer!

Legg igjen en interessemelding hvis du vil vite mer om utdanningen Vevopplæringa.

Fyll inn din kontaktinformasjon

Send interessemeldingen

Få mer informasjon fra skolen

Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon er eit studieforbund for frivillige organisasjonar som driv opplæring i folkeleg kultur som husflid, handverk, folkedans, teater, kystkultur og lokalhistorie, med meir.

Studieforbundet fordeler eit statstilskot frå Kunnskapsdepartementet, og har ansvar for utvikling, tilrettelegging og finansiering av eit mangfaldig opplæringstilbod i medlemsorganisasjonane og lokallaga deira. Studieforbundet og medlemsorganisasjonane samarbeider med ulike fagmiljø om ymse utviklingsprosjekt.

Opplæringa går føre seg på mange arenaer og i ulike former – frå eit lite, enkelt kurs, med aktiv deltaking både i eiga og andre si læring, til fordjuping i ulike emne og spesialisering i teknikkar, formell kompetanse og studiepoeng.

For studieforbundet er det viktig å sikre eit tilbod som dekkjer alle nivå, og som er lett tilgjengeleg for deltakarar over heile landet. Studieforbundet har eit særleg ansvar for vegen til vidaregåande og høgare utdanning.

Opplæringa går føre seg i aktive læringsfellesskap, og er med på å skape sosialt trygge og trivelege rammer rundt læringssituasjonen.

Studieforbundet kultur og tradisjon har ein administrasjon som er geografisk plassert i Vågå. Årsmøtet er høgaste organet til Studieforbundet, og avgjer kva vedtekter som gjeld. Årsmøtet vel eit styresom er høgaste organ mellom årsmøta. Studieforbundet har og fylkesledd i alle fylker.

Frivillige organisasjonar som driv med kurs/opplæring innanfor folkekultur, kan bli medlem i Studieforbundet kultur og tradisjon.

Vis alle utdanninger fra Studieforbundet kultur og tradisjon

Kontaktinformasjon til Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon

Vågåvegen 35
2680


Vil du vite mer?

Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Vevopplæringa:

Motta nyhetsbrev om utdanning
OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!