Vis studentum.no som: Mobil
Sammendrag
Deltid
Yrkesrettede kurs og utdanninger
3 år

Trebåtbygger

trebåtbygger / trebåtbyggjar

Trebåtbyggjar

Trebåtbyggjar er ei kursrekkje som legg vekt på praktisk arbeid med materialar, verktøy og teknikkar. Opplæringa skal bidra til å verne om det tradisjonelle handverket og legge grunnlag for innsikt i og forståing for det særeigne ved materialbruken til trebåtbyggjaren. Kursrekkja er bygd opp kring ulike tema og fordelt på 9 kurs.

Kursa er lagt opp etter vanskegrad med anbefalt rekkjefølgje, dess lengre ut i rekkja du kjem, dess større krav til forkunnskap. Det er ingen opptakskrav for å delta, men for å få utbytte av opplæringa bør ein ha erfaring med trearbeid. Kursa bygger på kompetansemåla i læreplan Vg3 trebåtbyggjarfaget/opplæring i bedrift. Kursa blir halde på tre ulike stader; Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund , Museet Kystens Arv i Stadsbygd og Risør Trebåtbyggeri i Risør.

Kursrekkja er eit samarbeid mellom Studieforbundet kultur og tradisjon og Forbundet KYSTEN.

Om undervisninga

Ved å fullføre heile kursrekkja får du praktisk innføring i alle kompetansemåla i læreplanen for VG3 Trebåtbyggerfaget.

Trebåtbyggjarfaget har lange tradisjonar og skal verke som kulturberar ved å ta vare på, utvikle og fornye eit tradisjonsrikt handverk ved at trebåtbyggharen lagar, held ved like, reparerer og restaurerer trebåtar.

Opplæringa skal leggje vekt på praktisk arbeid med, og kreativ utnytting av materialar, verktøy og teknikkar, samt inspirere til idéutvikling og opparbeide handverksferdigheiter i bruk av framtidsretta verktøy.

Om kursrekkja

Ein kan ta heile kursrekkja eller berre enkelte kurs. Kurrekkja er lagt opp etter vanskegrad med anbefalt rekkjefølgje, dess lenger ut i rekkja du kjem, dess større krav til forkunnskap.

Erfaring med trearbeid er eit krav. Kursrekkja blir halde på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, Museet Kystens Arv i Stadsbygd og Risør Trebåtbyggeri i Risør.

Heile løpet går over tre år. Lærarane på Trebåtbyggjar er av dei beste på sitt fagfelt i landet.

Opptakskrav/Søknad

Erfaring med trearbeid er eit krav.

Studiefakta, Tittel m.m

Ved å fullføre heile kursrekkja får du praktisk innføring i alle kompetansemåla i læreplanen for VG3 Trebåtbyggerfaget.

Kostnader

Kursavgift er kr. 4500,- per modul. I tillegg kjem utgifter til kost og losji.

Jeg vil vite mer!

Legg igjen en interessemelding hvis du vil vite mer om utdanningen Trebåtbygger.

Fyll inn din kontaktinformasjon

Send interessemeldingen

Få mer informasjon fra skolen

Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon er eit studieforbund for frivillige organisasjonar som driv opplæring i folkeleg kultur som husflid, handverk, folkedans, teater, kystkultur og lokalhistorie, med meir.

Studieforbundet fordeler eit statstilskot frå Kunnskapsdepartementet, og har ansvar for utvikling, tilrettelegging og finansiering av eit mangfaldig opplæringstilbod i medlemsorganisasjonane og lokallaga deira. Studieforbundet og medlemsorganisasjonane samarbeider med ulike fagmiljø om ymse utviklingsprosjekt.

Opplæringa går føre seg på mange arenaer og i ulike former – frå eit lite, enkelt kurs, med aktiv deltaking både i eiga og andre si læring, til fordjuping i ulike emne og spesialisering i teknikkar, formell kompetanse og studiepoeng.

For studieforbundet er det viktig å sikre eit tilbod som dekkjer alle nivå, og som er lett tilgjengeleg for deltakarar over heile landet. Studieforbundet har eit særleg ansvar for vegen til vidaregåande og høgare utdanning.

Opplæringa går føre seg i aktive læringsfellesskap, og er med på å skape sosialt trygge og trivelege rammer rundt læringssituasjonen.

Studieforbundet kultur og tradisjon har ein administrasjon som er geografisk plassert i Vågå. Årsmøtet er høgaste organet til Studieforbundet, og avgjer kva vedtekter som gjeld. Årsmøtet vel eit styresom er høgaste organ mellom årsmøta. Studieforbundet har og fylkesledd i alle fylker.

Frivillige organisasjonar som driv med kurs/opplæring innanfor folkekultur, kan bli medlem i Studieforbundet kultur og tradisjon.

Vis alle utdanninger fra Studieforbundet kultur og tradisjon

Kontaktinformasjon til Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon

Vågåvegen 35
2680


Vil du vite mer?

Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Trebåtbygger:

Motta nyhetsbrev om utdanning
OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!