Vis studentum.no som: Mobil

Scenerom - kurs i regi og teaterproduksjon

Studieforbundet kultur og tradisjon
Sammendrag
Heltid/Deltid: Deltid
Søknadsfrist: Løpende opptak
Type utdanning: Yrkesrettede kurs og utdanninger
Gå videre til: Skolens hjemmeside

Scenerom - kurs i regi og teaterproduksjon

Scenerom - kurs i regi og teaterproduksjon

Scenerom – kurs i regi og teaterproduksjon

Vår nye kursrekke Scenerom – kurs i regi og teaterproduksjon er utviklet og arrangert av Teateralliansen (Studieforbundet kultur og tradisjon, Frilynt Norge, Noregs Ungdomslag og Norsk Amatørteaterforbund).

Kurset er åpent for alle, passer for teaterentusiasten som alt er, eller har lyst til å bli instruktør, og som gjerne vil videreutvikle seg som instruktør. Passer også godt for pedagoger i skole, kulturskole og barnehage. Det er en fordel med litt teatererfaring men ikke en forutsetning. Kurset vil gjøre deg rustet til oppgaver for eksempel som regiassistent, eller å kunne sette opp en enkel forestilling i det frivillige kulturliv, eller i skolesammenheng.

Kurset foregår på Sentralen i Øvre Slottsgate 3.

modulane

Kursrekkja er litt omarbeidd. Fire modular er blitt til 2 + 2, der vi har delt opp 1&2 for instruktøren, og 3&4 til produsenten. Du kan velje om du vil ta berre to modular, eller om du vil ta alle fire, ettersom kva for roller du spelar i teaterlager/gruppa. Innhaldet i kursrekkja er i hodudsak det same, med flytta litt rundt på. Fagplanen er under oppdatering.

  • Modul 1: Første møtet med teksten og ensemblet
  • Modul 2: Instruktøren i arbeid: fra leseprøve til forestilling
  • Modul 3: Produsenten/organisatoren
  • Modul 4: Produsenten/Organisatoren - Fysiske rammer/praksis

Opptakskrav/Søknad

Kursrekkja er open for alle som ønskjer å utvikle seg som teaterinstruktørar på det frivillige feltet, og er høgaktuelt for pedagogar i skule, kulturskule og barnehage. Det er ein fordel med grunnleggjande teaterrelatert erfaring, enten på scena eller bak/framom scena, med det er inga forutsetning.

Vi har eit tak på 15 deltakarar, for å kunne køyre eit kurs der vi er tett på deltakarane og kan gje dei god oppfølging undervegs. Målet ved fullført kursrekkje er å kunne gje eit solid grunnlag for å kunne instruere mindre oppsettingar eller assistere ved større, kunne ha ei produsentrolle på mindre oppsettingar i det frivillige feltet eller i skule, kulturskule og barnehage.

Kostnader

Kursavgift er kr. 1500,-per kurshelg. I kursavgifta er lunsj inkludert. Har du reiseutgifter utover 1000,- til reise på kvar av modulane, kan du søkje om reisestøtte.

Jeg vil vite mer!

Legg igjen en interessemelding hvis du vil vite mer om utdanningen Scenerom - kurs i regi og teaterproduksjon.

Fyll inn din kontaktinformasjon

Send interessemeldingen

Få mer informasjon fra skolen

Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon er eit studieforbund for frivillige organisasjonar som driv opplæring i folkeleg kultur som husflid, handverk, folkedans, teater, kystkultur og lokalhistorie, med meir.

Studieforbundet fordeler eit statstilskot frå Kunnskapsdepartementet, og har ansvar for utvikling, tilrettelegging og finansiering av eit mangfaldig opplæringstilbod i medlemsorganisasjonane og lokallaga deira. Studieforbundet og medlemsorganisasjonane samarbeider med ulike fagmiljø om ymse utviklingsprosjekt.

Opplæringa går føre seg på mange arenaer og i ulike former – frå eit lite, enkelt kurs, med aktiv deltaking både i eiga og andre si læring, til fordjuping i ulike emne og spesialisering i teknikkar, formell kompetanse og studiepoeng.

For studieforbundet er det viktig å sikre eit tilbod som dekkjer alle nivå, og som er lett tilgjengeleg for deltakarar over heile landet. Studieforbundet har eit særleg ansvar for vegen til vidaregåande og høgare utdanning.

Opplæringa går føre seg i aktive læringsfellesskap, og er med på å skape sosialt trygge og trivelege rammer rundt læringssituasjonen.

Studieforbundet kultur og tradisjon har ein administrasjon som er geografisk plassert i Vågå. Årsmøtet er høgaste organet til Studieforbundet, og avgjer kva vedtekter som gjeld. Årsmøtet vel eit styresom er høgaste organ mellom årsmøta. Studieforbundet har og fylkesledd i alle fylker.

Frivillige organisasjonar som driv med kurs/opplæring innanfor folkekultur, kan bli medlem i Studieforbundet kultur og tradisjon.

Vis alle utdanninger fra Studieforbundet kultur og tradisjon

Kontaktinformasjon til Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon

Vågåvegen 35
2680


Studiested

Vil du vite mer?

Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Scenerom - kurs i regi og teaterproduksjon:

Motta nyhetsbrev om utdanning
OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!