Vis studentum.no som: Mobil
Sammendrag
Deltid
Yrkesrettede kurs og utdanninger
Tre år (to ukeskurs i året)

Bunadopplæringa

bunadopplæring

Bunadopplæringa – ei kursrekkje som kan vera ein del av løpet til sveinebrev

Bunadopplæringa er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon. Kursrekkja består av seks modular, til saman skal dette gje deltakarane ei brei innføring i praktisk bunadssaum.

Kursrekkja er open for alle som ønskjer å lære meir om bunadssaum, anten som grunnlag for fritidsinteresser eller næring. Det er ein fordel med grunnleggjande kunnskap om saum. Det er mogleg å ta heile kursrekkja, eller berre enkeltmodular. Modulane er lagt opp etter vanskegrad med tilrådd rekkjefølgje, dess lenger ut i kursrekkja ein kjem, dess meir forkunnskap vil kursa krevje.

Om undervisninga

Ved å fullføre heile kursrekkja får du praktisk innføring i alle kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget VG3. Du syr ikkje ein komplett bunad. Opplæringa legg opp til ein del mengdetrening på eigehand. Den må du sørgje  for sjølv. Har du som mål å ta sveinebrev kan du få individuell rettleiing mellom samlingane.

Bunadopplæringa skal gje ei praktisk innføring i dei grunnleggjande teknikkane innan bunadssaum og tilbehør. Auke den historiske kunnskapen om folkedraktene som er bakgrunn for dagens bunader, og kjennskap til materialar og teknikkar brukt til bunadsproduksjon. Opplæringa har som mål å stimulere til auka interesse for faget og enda fleire bunadsprodusentar og kurslærerar på bunadskurs i Noreg.

Om kursrekkja

Kursrekkja er ope for alle som ønskjer å lære meir om bunadssaum, enten som
grunnlag for eigenproduksjon eller næring. Kursa i Bunadopplæringa er ikkje nybyrjarkurs i bunadtilverknad. Det er inga opptakskrav for å delta, men for å få utbytte av opplæringa bør du ha grunnleggjande saumerfaring. Ein kan ta heile kursrekkja eller berre enkelte kurs. Kursrekkja er lagt opp etter vanskegrad med anbefalt rekkjefølgje, dess lenger ut i rekkja du kjem, dess større krav til forkunnskap.

Heile løpet går over tre år med to vekeskurs i året. Lærerane på Bunadopplæringa er av dei beste på sitt fagfelt i landet.

Vegen til sveinebrev

Alternativ 1:

Om du vil gå den formelle vegen så er løpet fireårig, to år er opplæring i bedrift.

  • vidaregåande trinn 1 (Vg1): design og håndverk
  • vidaregåande trinn 2 (Vg2): design og tekstil
  • to års opplæring i bedrift: bunadtilverkarfaget

Fullført løp fører til sveinebrev.

Ved å gå dette løpet har du også krav på rettleiing, og hjelp i høve til lærlingplass. Dette kan du undersøke nærare ved å ta kontakt med fagopplæringskontoret i ditt fylke.

Alternativ 2:

Praksiskandidatar er vaksne som har minst 25 % lengre praksistid i eit lærefag enn den fastsette læretida i faget. Praksisen må

  • vera allsidig og dokumentert og etter ei samla vurdering dekke dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for Vg3 / opplæring i bedrift i lærefaget
  • vera godkjent av fylkeskommunen før fag- eller sveineprøven kan avleggjast

For å gå opp som praksiskandidat som bunadtilverkar må du dokumentere 5 års godkjent praksis i faget. 100% stilling. Praksisen må vera godkjent av fagopplæringskontoret i ditt fylke før du kan gå opp til sveineprøven. Du kan få fråtrekk for kurs du har delteke på, og kursrekkja i trebåtbygging skal kunne inngå som grunnlag. Du treng ikkje fellesfaga, matematikk, engelsk, naturfag, norsk og samfunnsfag for å gå opp som praksiskandidat. Men før du går opp til sveineprøven må du bestå ein skifteleg eksamen i fagets teoretiske læreplanmål. Den teoretiske eksamen er ein skriftlig eksamen på 5 timar, og den blir arrangert to gonger i året (som regel fyrste veka i desember og fyrste veka i juni). Den som ønskjer og ta eksamen, må melde seg opp som privatist ved ein vidaregåande skule.

Som praksiskandidat må du sjølv arbeide for å få lærekontrakt. Lærekontrakt må teiknast med ei godkjend lærebedrift, og den må godkjennast av fagopplæringskontoret. 

Opptakskrav/Søknad

Det er inga opptakskrav for å delta, men for å få utbytte av opplæringa bør du ha grunnleggjande saumerfaring.

Det er bindande påmelding, og påmeldingsfrist er 6 veker før fyrste kursdag. Dersom det er ledige plassar, tek vi i mot påmelding fram til kursstart.

Studiefakta, Tittel m.m

Ved å fullføre heile kursrekkja får du praktisk innføring i alle kompetansemåla i læreplanen for bunadtilverkarfaget VG3.

Kostnader

Kursavgift er kr. 3750,- per modul (med atterhald om endringar). I tillegg til kursavgift kjem materiellkostnader. Materiellpakke kan kjøpast på kurset. Det er ikkje høve til å arbeide med eigne prosjekt.

Kost og losji: Raulandsakademiet tilbyr fullpensjon. 6 døgn kr. 5400,- (med atterhald om endringar). Deltakarane må sjølve ta kontakt med akademiet for overnatting.

Jeg vil vite mer!

Legg igjen en interessemelding hvis du vil vite mer om utdanningen Bunadopplæringa.

Fyll inn din kontaktinformasjon

Send interessemeldingen

Få mer informasjon fra skolen

Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon er eit studieforbund for frivillige organisasjonar som driv opplæring i folkeleg kultur som husflid, handverk, folkedans, teater, kystkultur og lokalhistorie, med meir.

Studieforbundet fordeler eit statstilskot frå Kunnskapsdepartementet, og har ansvar for utvikling, tilrettelegging og finansiering av eit mangfaldig opplæringstilbod i medlemsorganisasjonane og lokallaga deira. Studieforbundet og medlemsorganisasjonane samarbeider med ulike fagmiljø om ymse utviklingsprosjekt.

Opplæringa går føre seg på mange arenaer og i ulike former – frå eit lite, enkelt kurs, med aktiv deltaking både i eiga og andre si læring, til fordjuping i ulike emne og spesialisering i teknikkar, formell kompetanse og studiepoeng.

For studieforbundet er det viktig å sikre eit tilbod som dekkjer alle nivå, og som er lett tilgjengeleg for deltakarar over heile landet. Studieforbundet har eit særleg ansvar for vegen til vidaregåande og høgare utdanning.

Opplæringa går føre seg i aktive læringsfellesskap, og er med på å skape sosialt trygge og trivelege rammer rundt læringssituasjonen.

Studieforbundet kultur og tradisjon har ein administrasjon som er geografisk plassert i Vågå. Årsmøtet er høgaste organet til Studieforbundet, og avgjer kva vedtekter som gjeld. Årsmøtet vel eit styresom er høgaste organ mellom årsmøta. Studieforbundet har og fylkesledd i alle fylker.

Frivillige organisasjonar som driv med kurs/opplæring innanfor folkekultur, kan bli medlem i Studieforbundet kultur og tradisjon.

Vis alle utdanninger fra Studieforbundet kultur og tradisjon

Kontaktinformasjon til Studieforbundet kultur og tradisjon

Studieforbundet kultur og tradisjon

Vågåvegen 35
2680


Vil du vite mer?

Fyll inn følgende felt for å få mer informasjon fra Bunadopplæringa:

Motta nyhetsbrev om utdanning
OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!