Praktisk pedagogisk utdanning i teater
TeaterhøgskolenPraktisk pedagogisk utdanning i teater
Praktisk pedagogisk utdanning i teater
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i teater er ei lærarutdanning for skodespelarar og regissørar som ønskjer å jobbe som faglærarar og teaterpedagogar.
Studiet kvalifiserer for undervisning i grunnskole, vidaregåande skole, vaksenopplæring, folkehøgskolar, og dessutan kulturskole og private teaterskolar.
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit eittårig studium på 60 studiepoeng, og består av pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. I studiet inngår 12–14 vekers integrert rettleidd praksisopplæring.
Pedagogikk er læra om oppseding, undervisning, læring og utvikling og skal bidra til å gi auka kunnskap og refleksjon i lærarrolla inn mot praksis. Innhald:
- psykologi; utviklingspsykologi, relasjonar, kommunikasjon, læring og motivasjon
- filosofi; ulike grunngivingar og fokus for oppseding og undervisning, etikk og verdimedvit
- sosiologi; samfunn, kultur, gruppeprosess og samspel
- didaktikk/undervisningslære; «kva, korleis og kvifor» i undervisninga, læreplanar og vurderingsarbeid
Fagdidaktikk handlar om ulike faglege tilnærmingar og perspektiv på undervisning retta mot ulike målgrupper og læringsarenaer. Det å få erfaring med, tilbakemelding på og gode eksempel på planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning står sentralt, og studentane møter eit breitt utval av lærarkrefter. Emnet er delt inn i følgjande område:
- leik, kreativitet og skapande arbeid med barn
- samspel, improvisasjon og komposisjon
- teaterteknisk grunnlagsarbeid (rolle- og karakterutvikling)
- teaterdidaktisk fordjuping: konsept og regi
I praksisopplæringa får studentane erfaring med ulike sider ved læraryrket. I samarbeid med praksisrettleiar får studentane trening i å planleggje, organisere, gjennomføre og vurdere opplæring i samsvar med pedagogiske og didaktiske prinsipp. Praksisopplæringa blir gjennomført med elevar i ulike aldersgrupper og er primært/normalt retta mot kulturskole/ private teaterskolar og vidaregåande skole.
Praktisk-pedagogisk utdanning i både teater ogdansledes faglig og administrativt av avdeling dans.