Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Master i teater

Kunsthøgskolen i Oslo

Master i teater

Masterstudiet i teater er eit toårig fulltidsstudium. Målet med studiet er å utvikle scenekunstnarar som kan bidra til fagleg nytenking, bringe inn nye perspektiv og skape særeigne kunstnariske uttrykk innanfor ein vid definisjon av kva scenekunst er og kan vere.

Studiet er retta inn mot kunstnarisk praksis, og ein vesentleg del av studiet består av kollektive, skapande prosessar der ulike faglege fordjupingar møtest.

Studiet rommar eit unikt høve for fagleg utvikling og bevisstgjering, og krev samtidig vilje til sjølvstendig arbeid og refleksjon.

Opptakskrav/Søknad

Mastergradsstudiet byggjer på ein treårig bachelorgrad (180 studiepoeng ) eller ei likeverdig utdanning. Søkjar må dokumentere fordjuping i fag, emne eller emnegruppe av minimum 80 studiepoengs omfang innanfor teater eller scenekunst.

Meir informasjon om opptak og opptaksprøver finner du her.

Kunsthøgskolen i Oslo

Kunsthøgskolen i Oslo

Kunsthøgskolen i Oslo – Oslo National Academy of the Arts

Ser du etter en kreativ eller kunstnerisk utdanning? Kunsthøgskolen i Oslo består av seks avdelinger, og er en sammenslåing av tidligere selvstendige høgskoler:

  • Avdeling Design har fagansvar for utdanning i grafisk design, illustrasjon, klesdesign, kostymedesign, interiørarkitektur og møbeldesign.

  • Avdeling Kunst og handverk har fagansvar for utdanning i tekstilkunst, grafisk kunst og teikning, keramisk kunst, og dessutan metall- og smykkekunst.

  • Avdeling Kunstakademiet har fagansvar for utdanning innanfor biletkunst og arbeider på tvers av medium, disiplinar og tilnærmingar og handsamar formale og materielle problemstillingar i tillegg til postkonseptuelle, sosiale og politiske spørsmål.

  • Avdeling Teaterhøgskolen har fagansvar for utdanning av skodespelarar og regissørar, og fordjuping i skodespelarfag, regi, scenetekst og scenograf og dessutan praktisk-pedagogisk utdanning i teater.

  • Avdeling Balletthøgskolen har fagansvar for utdanning av koreografar og dansarar innanfor samtidsdans, klassisk ballett og jazzdans og i tillegg praktisk-pedagogisk utdanning innanfor dans.

  • Avdeling Operahøgskolen har fagansvar for utdanning innanfor opera, song- og scenefag, med stor vekt på sceniske produksjonar.
Vis alle utdanninger fra Kunsthøgskolen i Oslo

Kontaktinformasjon til Kunsthøgskolen i Oslo

Kunsthøgskolen i Oslo

Fossveien 24
0551 Oslo

Tlf: +47 22 99 55 00
Fax +47 22 99 55 02
www.khio.no


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!