Vis studentum.no som: Mobil

Teater og drama - Årsstudium

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Varighet: 1 år / 2 semester
Studielån/Stipend: Ja
Heltid/Deltid: Heltid
Søknadsfrist: 15. april
Utdanningsinstitutt: Høgskulen i Volda
Type utdanning: Årsstudium
Oppstart: Høst - Volda

Teater og drama - Årsstudium

årsstudium i teater og drama på høgskulen i volda

Ta utdanning i teater og drama på Høgskulen i Volda

Korleis vert ei framsyning laga? Korleis vert ei tekst analysert og tolka og eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar? Om du vil utvikle deg som utøvar i eit kreativt studentmiljø og lære å bruke teater og dramakunnskapar på ulike arenaer, er dette studiet for deg. 

Innhald på årsstudiet i teater og drama

Årsstudium i teater og drama er sett saman av fire obligatoriske emne. Studiet gir deg ei god innføring teater og dramafaget, med mye praktisk arbeid. Det er eit mål at studentane skal utdannast til skapande utøvarar i eit ensemble. Du skal mellom anna jobbe med improvisasjon og teatersport, lage teaterframsyningar i ulike genre, skape forteljarteater, arbeide med lesing, analysering og iscenesetjing av dramatiske tekster og lære å skrive akademiske tekster. Alle studentar tek del i ei rekkje fellesproduksjonar, ”husteater”, der dei får teste og utvikle sine kreative og handverksmessige evner, i tillegg til samarbeidsevner.

Seksjon for drama og teater har eigne teaterlokale med blackbox og whitebox, kostyme- og scenografilager, syrom og verkstad. Utdanninga samarbeider med mange lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, med m.a. seminar, workshops, førelesingar, prosjektarbeid, framføring, sjølvsstudium, gruppearbeid og rettleiing. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Teater og dramastudiet gir grunnlag for arbeid innenfor yrke som:

  • Skodespelar
  • Dramapedagog
  • Teaterpedagog
  • Forteljar
  • Museumsformidlar

Studiet er identisk med første året av Bachelor i teater og drama, og kan danne grunnlag for vidare studium i faget. Det kan også gå inn som valfri del i andre bachelorgradar.

Om du ønskjer undervisningskompetanse i skuleverket, må du, etter fullført bachelorgrad byggje på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

Årsstudium (60 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted