Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Teater og drama - Årsstudium

Høgskulen i Volda

Om utdanningen

Som student ved Teater og drama i Volda får du ei solid og allsidig utdanning i eit utøvande og svært aktivt fagleg miljø. Vi tilbyr ein unik kombinasjon av praktisk skodespelartrening og ei teoretisk-akademisk utdanning som vil gje deg eit godt grunnlag for vidare arbeid innan kulturlivet, skule- eller kulturskule.  Korleis vert ei framsyning laga? Kva er forskjellen på å dubbe ein animasjonsfilm og lese inn ei lydbok? Korleis vert ei tekst analysert og tolka og eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar? Om du vil utvikle deg som utøvar i eit kreativt studentmiljø og lære å bruke teater og dramakunnskapar på ulike arenaer, er dette studiet for deg.  Vi har eigne teaterlokale med blackbox og whitebox, kostyme- og scenografilager, eige lydstudio og verkstad. Følg oss gjerne på Facebook!  

Årsstudium i teater og drama er eit praktisk-teoretisk studium, sett saman av fire obligatoriske emne. Du skal mellom anna jobbe med improvisasjon og teatersport, lage teaterframsyningar i ulike genre, skape forteljarteater, analysering og iscenesetjing av dramatiske tekster og lære å skrive akademiske tekster. Alle studentar tek del i ei rekkje fellesproduksjonar, ”husteater”, der dei får teste og utvikle sine kreative og handverksmessige evner, i tillegg til samarbeidsevner. Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig. Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking, medansvar og evne til samarbeid. Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og ei god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!