Vis studentum.no som: Mobil

Språk og litteratur - Bachelor

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Heltid
3 år
Bachelor
Oppstart: Høst - Volda
Søknadsfrist: 15. april
Ja

Språk og litteratur - Bachelor

bachelor i språk og litteratur på høgskulen i volda

Vil du studere språk og litteratur?

Visste du at både kulturen vi lever i og identiteten til den einskilde vert forma gjennom språk? Kunnskap om språk og tekstar gir oss innsikt i kulturen og oss sjølve.

Dette studieprogrammet gir utdanning i språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og gir innsyn i språk og kultur frå notid og fortid. Du kan velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og du har høve til å fordjupe deg i språklege eller litterære/kulturelle tema. Det vert også lagt vekt på å gi studentane kompetanse i bruk av sentrale metodar i språk- og litteraturforsking, for å kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte. 

Ta deler av utdanninga i utlandet

Frå og med tredje semesteret kan du ta 30 studiepoeng ved ein godkjend lærestad i utlandet. Dersom du ønskjer å spesialisere deg i engelsk språk eller litteratur, er Det norske studiesenteret ved Universitetet i York ein aktuell studiestad.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det vert gitt undervisning gjennom nettleksjonar, førelesingar og seminar. Undervisningsforma varierer etter emne. Rettleiing av den einskilde studenten er integrert og skjer gjennom heile studiet. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Bachelor i Språk og litteratur kvalifiserer for yrke der det er bruk for språk- og tekstkompetanse både i offentleg og privat sektor. Dette gjeld mellom anna i undervisning, informasjonsarbeid og arbeid i presse, forlag, bibliotek og arkiv. For å få formell undervisningskompetanse kan du søkje om opptak på praktisk-pedagogisk utdanning (PPU): frå vår 2017 krev opptak til PPU gjennomført mastergrad. Studiet kvalifiserer for opptak til fleire mastergradar ved Høgskulen i Volda eller ved andre høgskular og universitet.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

Bachelorgrad (180 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!