Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Språk og litteratur

Høgskulen i Volda

Om utdanningen

Studiet gir deg kunnskap om språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og kunnskap om språk og kultur frå notid og fortid. Med ein Bachelor i språk og litteratur er du kvalifisert for jobbar der det er bruk for språk- og tekstkompetanse, både i offentleg og privat sektor.

Som student ved Bachelor i språk og litteratur kan du velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og du har høve til å fordjupe deg i språklege eller litterære tema. Du skal opparbeide kompetanse i bruk av sentrale metodar i språk- og litteraturforsking, for å kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte. Mastergrad med eit undervisningsfag (som norsk eller engelsk) er grunnlag for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gjev undervisningskompetanse i skuleverket. Dei som skal undervise i skulefaga norsk og engelsk må ha eit minimum av både litterære og språklege emne.

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!