Vis studentum.no som: Mobil

Spesialpedagogikk - Master (deltid)

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Deltid
8 semester (samlingsbasert)
Master, 2 år
Oppstart: Høst - Volda
Søknadsfrist: 15. april
Ja

Om utdanningen

Master i spesialpedagogikk (deltid, samlingsbasert)

Fleire barn, unge og vaksne står i fare for å bli marginaliserte på grunn av aukande forventningar og krav til individuelle prestasjonar og meistringar.

Dette har ført til eit større behov for spesialpedagogisk kompetanse på alle nivå i opplæringssystemet. Slik kompetanse er viktig for å avdekke spesielle behov i opplæringa og for å utvikle opplæringstilbod som er betre tilpassa barn, unge og vaksne som strevar. Det blir lagt stor vekt på inkludering i utdanningsinstitusjonane og i samfunnet elles. Denne kompetansen er viktig både for ordinær opplæring og spesialpedagogiske tilbod.

Undervisninga er samlingsbasert. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, arbeid i mindre grupper, feltarbeid, studentseminar og oppgåveskriving. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane.

Opptakskrav/Søknad

Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum 180 studiepoeng, innanfor følgjande:

  • Allmennlærarutdanning / grunnskulelærarutdanning.
  • Bestått minimum dei tre første åra av grunnskulelærarutdanninga
  • Førskulelærarutdanning / barnehagelærarutdanning.
  • Faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning innan yrkesfag eller allmennfag, faglærar med eigen bachelor eller yrkesfaglærar.
  • Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning, kan takast opp etter særskild vurdering.

Dokumentert pedagogisk praksis etter fullført utdanning kan gi eitt poeng pr år inntil fem år.

Høgare utdanning utover grunnutdanning kan gi inntil tre tilleggspoeng.

Søkjarar med morsmål frå land utanfor Norden må dokumentere kunnskap i norsk tilsvarande karakteren B frå studiet Norsk for utanlandske studentar eller resultatet Godt bestått frå Norsk språktest - høgare nivå (Bergenstesten). Dei må også dokumentere kunnskap om norsk skule- og barnehagesystem.

Studiefakta, Tittel m.m

Mastergrad (120 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!