Vis studentum.no som: Mobil

Sosialt arbeid, sosionom - Bachelor

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Heltid
3 år
Bachelor
Oppstart: Høst - Volda
Søknadsfrist: 15. april
Ja

Sosialt arbeid, sosionom - Bachelor

bachelor i sosialt arbeid - sosionom

Ta sosionomutdanning på Høgskulen i Volda

Samfunnet treng flinke sosialarbeidarar som forstår korleis psykiske og sosiale problem oppstår, og korleis ein kan tilby hjelp på ein profesjonell måte. Det vert lagt vekt på å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum. Sosialarbeidarutdanninga kvalifiserer for arbeid med sosiale problem på ulike felt og med ulike målgrupper.

Innhald på bachelorstudiet i sosialt arbeid

Studentane skal få innsikt og kompetanse i korleis samfunnsmessige strukturar og prosessar skapar og held ved like sosiale problem. Studentane lærer å ta utgangspunkt i brukarane sine behov og planlegge og organisere tiltak i samarbeid med dei menneska det gjeld, og kunne reflektere over og grunngi verksemda i eit overordna fagleg og etisk perspektiv. Studiet gir også kompetanse i tverrprofesjonelt samarbeid.

Det er to praksisperiodar:

  • Prosjektpraksis på om lag ti veker i det andre studieåret.
  • Klientretta praksisstudium på om lag fjorten veker i det tredje studieåret.

I tillegg er det feltstudium knytt til aktuelle arbeidsfelt for sosialarbeidarar.

Vil du studere sosialt arbeid i utlandet?

Studentane har høve til å søkje om studieopphold ved internasjonale læreinstitusjonar (2. studieår haust). Høgskulen i Volda har per i dag samarbeidsavtaler med fleire universitet om utveksling, blant annet Champlain College (USA), Hawaii Pacific University (USA) og The American College of Greece (Hellas).

I femte semester kan studentar ut frå faglege og personlege føresetnader ha klientretta praksisstudium ved utanlandske organisasjonar og institusjonar som Høgskolen i Volda har samarbeidsavtale med. Høgskolen har per i dag samarbeidsavtale med institusjonar i Tanzania, India, Kenya, Wales, Danmark, Irland.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Utdanninga er eit integrert studium der arbeidsmåtane vekslar mellom storgruppeundervisning (saman med barnevernspedagogstudentar), fokusførelesingar, seminar, gruppearbeid og praksisutplassering. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Sosionomar er etterspurt arbeidskraft i mange ulike yrkessamanhengar: i helse- og sosialsektoren i kommunane, fylkeskommunale institusjonar og behandlingstilbod, kriminalomsorg, humanitære organisasjonar og NAV. Ein finn såleis sosionomar mellom anna i sosial- og barnevernstenesta, i tilbod for funksjonshemma, skuleverket, ved familierådgivingskontor, i fengsel og kriminalomsorg i fridom og i rusmiddelomsorg.

Studiet dannar grunnlag for opptak ved Master i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering eller Master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda eller andre relevante masterstudium.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

Bachelorgrad (180 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!