Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Sosialt arbeid, barnevernspedagog

Høgskulen i Volda

Om utdanningen

Utdanning som barnevernspedagog gir deg etterspurt yrkeskompetanse på eit viktig og utfordrande arbeidsområde. Du blir kvalifisert til å jobbe med omsorg, behandling og førebygging retta mot risikoutsette barn og unge og deira familiar. Studiet har eit særleg fokus på å sikre betre leve- og oppvekstvilkår for dei som har sosiale eller psykiske problem, eller står i fare for å få det.

I studiet vert det lagt vekt på at barnevernspedagogen sin kompetanse er retta inn mot barn og unge sin familiesituasjon og nærmiljø. Oppgåvene omfattar både førebyggjande- og klientretta arbeid, sakshandsaming og oppfølging. Barnevernspedagogen har eit ansvar for å ha barnet og den unge i fokus i arbeidet sitt, og til å rette arbeidet mot familie og miljøet elles. Ved barnevernspedagogstudiet i Volda vert følgjande kompetansar og perspektiv sett som særleg sentrale utviklingsområde: Studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse, solidarisk heilskapsperspektiv, førebyggande perspektiv, forvaltningskompetanse og analytisk kompetanse.

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!