Vis studentum.no som: Mobil

Samfunnsvitskap - Årsstudium

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Heltid
1 år
Årsstudium
Oppstart: Høst - Volda
Søknadsfrist: 15. april
Ja

Samfunnsvitskap - Årsstudium

årsstudium i samfunnsvitenskap

Ta årsstudium i samfunnsvitskap på Høgskolen i Volda

Dette årsstudiet er aktuelt for yrkesgrupper som treng innføring i samfunnsvitskap. Målet er å gi studentane eit fagleg godt og allsidig grunnlag for forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga.

Studieinnhald

Studiet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege emne, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap, organisasjonsteori, økonomi, og jus. Undervisninga er særleg retta mot samfunnsutvikling og planlegging i ein lokal og regional kontekst. Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid og er definert som obligatorisk arbeidskrav.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Studentane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom i Fronter der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg for nedlasting, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet utgjer første året av bachelor i Planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda, og det er difor mogleg å byggje på for å fullføre denne graden.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

Årsstudium (60 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!