Vis studentum.no som: Mobil

Religion og livssyn - Bachelor

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Heltid
3 år
Bachelor
Oppstart: Høst - Volda
Søknadsfrist: 15. april
Ja

Religion og livssyn - Bachelor

bachelor i religion og livssyn

Ta utdanning i religion og livssyn på Høgskulen i Volda

Med ei stadig aukande innvandring til Norge av menneske frå andre kulturar, er det i ulike yrkessamanhengar behov for arbeidstakarar som har kunnskap og forståing for religion og livssyn. Studiet gir innsyn i det moderne vestlege religions- og livssynsmangfaldet, i tillegg til kunnskap og forståing for kva rolle religion og livssyn spelar i det fleirkulturelle samfunnet.

Innhald på bachelorstudiet i religion og livssyn

Bachelorprogrammet i religion og livssyn er sett saman av seks religionsfaglege emne på til saman 90 studiepoeng, Examen philosophicum (10 stp.) og eit innføringskurs i akademisk skriving og religionsfaglege arbeidsmåtar (5 stp.). 

Dei resterande 75 studiepoenga kan takast fritt, men dersom du tek sikte på å ta mastergrad og praktisk-pedagogisk utdanning etter avslutta program for å oppnå kompetanse som lærar i skulen, må du ta 60 studiepoeng (årsstudium) frå eit anna skulefag enn religion. Vi anbefaler historie, språkfag (t.d. norsk eller engelsk), eller praktisk-estetiske fag. Desse faga kan takast ved Høgskulen i Volda.

Studere i utlandet?

Det er gode moglegheiter til å ta eit semester i utlandet i løpet av bachelorgraden. Høgskulen i Volda samarbeider med fleire institusjonar.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Alle emna ved studiet har tilbod om forelesingar og seminar. Examen philosophicum og nokon av fordjupingsemna går anten med forelesingar og/eller som nettstøtta studium. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Studieprogrammet kvalifiserer for yrke der ein treng religionsfagleg kompetanse, t.d. innan kultursektoren, i helsesektoren, i kyrkje og media. Vil du bruke utdanninga i skulen, må du frå hausten 2019 ta mastergrad og bygge på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet vil då kvalifisere for undervisning i Kristendom, Religion, livssyn og etikk (KRLE) på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen, og i Religion og etikk (RE) i vidaregåande skule.

Bachelor i religion og livssyn kvalifiserer for opptak til Master i kulturmøte ved Høgskulen i Volda, og den kan også kvalifisere til andre mastergradar ved Høgskulen i Volda eller andre institusjonar dersom ein tilfredsstiller krava som gjeld for dei spesifikke programma.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

Bachelorgrad (180 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!