Vis studentum.no som: Mobil

Religion, livssyn og etikk (RLE) - Årsstudium

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Varighet: 1 år
Studielån/Stipend: Ja
Heltid/Deltid: Heltid
Søknadsfrist: 15. april
Utdanningsinstitutt: Høgskulen i Volda
Type utdanning: Årsstudium
Oppstart: Høst - Volda

Religion, livssyn og etikk (RLE) - Årsstudium

årsstudium i religion, livssyn og etikk

Ønsker du å ta utdanning i religion, livssyn og etikk?

Årsstudium i religion, livssyn og etikk passar for deg som er interessert i religion, kultur, livssyn og etikk. Studiet gir formell kompetanse og innsikt i formidling av desse fagfelta.

Studiet gir kunnskap om religiøse tekstar, historia til kristendomen, andre religionar og livssyn og korleis desse tradisjonane står fram i dag.

Studieinnhald

Årsstudiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar:

  • REL 111 Bibelen – tekst og tolking
  • REL 112 Religion og livssyn
  • REL 113 Tru og tradisjon
  • REL 116 Populærkultur og livstolking i eit fleirkulturelt samfunn

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i førelesingar, seminar, individuell oppgåveskriving og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte. 

Aktuelle yrke og vidare studium

I kombinasjon med ei lærarutdanning gir studiet undervisningskompetanse i KRLE-faget i grunnskulen og faget Religion og etikk i vidaregåande opplæring. Studiet kan også inngå i andre yrkesutdanningar. Det gir innsikt i religions- og livssynsmangfaldet i Noreg og er derfor viktig for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja.

Emna i årsstudiet kan innpassast i ulike bachelorgradar ved Høgskulen i Volda og gir grunnlag for opptak til fordjupingsstudium i religion og livssyn.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

Årsstudium (60 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted