Programmering i musikkundervisning
Grunnleggande prinsipp i programmering vert introdusert både for å kunne oppleve, lage og utøve musikk. Emnet vil også kople didaktiske perspektiv frå programmering med didaktiske perspektiv frå musikkfaget og gjennom eit utviklingsarbeid vil studenten i emnet jobbe målretta med sin pedagogiske praksis. Studentar kan velje å fordjupe seg i programmeringsmiljø og programmeringsspråk relevant for eigen praksis (undervisningskontekst), t.d. tekstbaserte miljø for ungdomstrinn eller vidaregåande skule, blokkbaserte programmeringsmiljø eller programmering utan datamaskin for små- og mellomsteget i barneskulen. Les meir om emnet her.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Velkomen til Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar...