Vis studentum.no som: Mobil

PR, kommunikasjon og media - Bachelor

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Heltid
3 år
Bachelor
Oppstart: Høst - Volda
Søknadsfrist: 15. april
Ja

PR, kommunikasjon og media - Bachelor

bachelor i PR, kommunikasjon og media

Vil du lære mer om PR, kommunikasjon og media?

Høgskulen i Volda har i dag eit av dei sentrale utdanningsmiljøa innanfor media og kommunikasjon i Noreg. For organisasjonar og bedrifter er det viktig å kunne presentere både kven ein er, og kva ein driv med på ein presis og god måte. Korleis ein organisasjon kommuniserer med seg sjølv og omverda, har innverknad på blant anna omdøme, effektivitet og økonomi.

Studieinnhald

Bachelorprogrammet tilbyr studentane forskingsbasert undervisning innanfor eit breidt spekter av emne og fagfelt;  journalistikk, medievitskap, politisk økonomi, organisasjon og leiing, marknadsføring, krisekommunikasjon, og ulike sosiologiske og statsvitskaplege emne. Undervisninga er kombinert med jobbrelevante interne og eksterne prosjekt- og praksisordningar. Studentene får inngåande kjennskap til tilhøvet mellom teori og praksis – dette er kanskje det viktigaste konkurransefortrinnet til kommunikasjonsutdanninga i Volda.  

Studere i utlandet?

Studiet er lagt opp slik at mange av studentane gjennomfører delar av studiet (inntil eitt semester) ved universitet i utlandet, til dømes ved Westminster i London, Griffith College i Irland eller Hawaii Pacific University. Der er svært mange alternativ ved universiteta i over 50 land som Høgskulen i Volda har direkte samarbeid med.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga og arbeidsformene er ein kombinasjon av førelesingar, sjølvstudium, gruppearbeid og praktiske øvingar. I deler av studiet er det krav om obligatorisk frammøte. Det blir gitt tilbod om å delta på ein eller fleire studieturar i løpet av utdanninga. Studentane kan det siste semesteret gjennomføre ekstern praksis i ei relevant kommunikasjonsavdeling eller anna relevant verksemd.

Aktuelle yrke og vidare studium

Bachelorgraden gir kompetanse som kan brukast på ei rekkje område i vårt media- og kommunikasjonsorienterte samfunn. Relevante arbeidsplassar vil vere kommunikasjonsbyrå og ulike stillingar i både frivillig, privat og offentlig sektor. Utdanninga kan også gi grunnlag for andre karrierevegar avhengig av arbeidsmarknaden, personlege interesser, og eventuelt vidare utdanning. Tidligare studentar frå Høgskulen i Volda gjer karriere innanfor ulike sektorar i samfunnet og ser ut til å lukkast.

Studiet dannar grunnlag for opptak til relevante mastergradar innanfor fagfeltet i Noreg og i utlandet.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

Bachelorgrad (180 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!