Vis studentum.no som: Mobil

Planlegging og administrasjon - Bachelor

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Heltid
3 år
Bachelor
Oppstart: Høst - Volda
Søknadsfrist: 15. april
Ja

Planlegging og administrasjon - Bachelor

bachelor i planlegging og administrasjon

Tverrfaglig utdanning i planlegging og administrasjon

Bachelor i Planlegging og administrasjon er ei yrkesretta og tverrfagleg utdanning som gir attraktiv og etterspurd fagkompetanse, tilpassa ulike stillingar innanfor administrasjon, planlegging og forvaltning. Studiet er fleksibelt organisert med ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne.

Studieinnhald

Studiet gir ei brei innføring i sentrale samfunnvitskaplege emne med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap, organisasjonsteori, økonomi og jus. Søkjelyset er retta mot viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkjemåte og tverrfagleg samfunnsforsking. Dette dannar grunnlag for ei vidare innføring og fordjuping i offentleg administrasjon,samfunnsplanlegging og regionalt utviklingsarbeid.

Studentar som ønskjer å avslutte etter eitt år, kan be om ei karakterutskrift for fullført årsstudium i Samfunnsvitskap. 

Internasjonalisering

Høgskulen i Volda har avtalar med utdanningsinstitusjonar i mange land og kan hjelpe deg med å finne gode utdannings- og utvekslingstilbod.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisinga er lagt opp med ein kombinasjon førelesingar, gruppearbeid og individuelle arbeidsoppgåver/praktiske øvingar. Studentar får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der undervisningsopplegg, førelesingsnotat, oppgåver o.l. vert lagt ut. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Med bachelor i Planlegging og administrasjon har du eit godt grunnlag for ein yrkeskarriere innanfor ulike felt i offentleg forvaltning som til dømes administrativ leiar, leiar av utviklingsarbeid, sakshandsamar eller planleggar. Utdanninga gir også aktuell kompetanse for arbeid i privat og frivillig sektor, som til dømes innanfor media, rådgiving og næringsutvikling. Studiet kvalifiserer for opptak ved master i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda eller andre relevante masterstudium.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

Bachelorgrad (180 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!