Vis studentum.no som: Mobil

Naturguideutdanning

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Utdanningsinstitutt: Høgskulen i Volda
Heltid/Deltid: Heltid
Søknadsfrist: 15. april
Type utdanning: Årsstudium
Varighet: 1 år (samlingsbasert)
Oppstart: Høst - Volda
Gå videre til: Skolens hjemmeside

Naturguideutdanning

naturguideutdanning på høgskulen i volda

Vil du utdanne deg til naturguide?

Dette studiet gir utdanning som naturguide, og grunnlag for å søkje godkjenning som kvalifisert Norsk Naturguide gjennom Norsk Naturguideforbund (NNG). Utdanninga er retta mot personar som driv eller ønskjer å starte naturguiding som eiga næring eller å kvalifisere seg til arbeid hos eksisterande reiselivsaktørar.

Innhald på naturguideutdanninga

Reiselivet i Noreg har eit mål om å verte leiande på «Tematurisme», og vil sette fokus på turar i norsk natur. Gjennom studiet skal studentane få røynsle som naturguide både i studentgruppa og gjennom relevant praksis. Det vert stilt krav om guideforståing, frå det praktiske og sosiale til refleksjon over profesjonsrolla. Det vert krevd oppdaterte ferdigheiter slik som førstehjelpskurs og skredkjennskap.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga vekslar mellom klasseromsundervisning og praktisk undervisning ute. Emne- og semesterplanar gir informasjon om krav til frammøte og obligatoriske delar av studiet. Ein føreset at studentane er fysisk skikka og utstyrsmessig utrusta til å ta ansvar for seg sjølve. Informasjon om påkrevd utstyr vert sendt ut før studiestart.

Under samlingane skal studentane bu i telt, bevege seg i ulendt terreng, bere oppakning og vere symjedyktige. Det er krav om attest for gjennomført førstehjelpskurs og skredkurs frå godkjente arrangørar av slike kurs. Studentane skal ha ansvar for organiseringa av samlingane og bytter på å ha leiinga i desse prosessane. Dette inkluderer transport til og frå samlingane, tilrettelegging av utstyr og innkjøp av mat og organisering av matstellet, samt dekkje fellesutgifter til desse turane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Utdanninga er svært aktuell innanfor reiseliv og turisme. Kvalitetssikra guiding er no etterspurt i marknaden som ei næring. Som eit ledd i å gjere opplevingsturismen meir bærekraftig og grøn er naturguiding ei viktig tilnærming. Naturguideutdanninga kan takast som ein del av bachelor i Friluftsliv ved Høgskulen i Volda, eller som eit sjølvstendig avsluttande studium.

Opptakskrav/Søknad

For å søke på dette studiet må du ha 60 studiepoeng innen friluftsliv eller dokumentert brei erfaring/kompetanse i friluftsliv.

NB: Dette studiet har lokalt opptakKontakt Høgskulen i Volda for meir informasjon.

Studiefakta, Tittel m.m

Naturguideatdanninga gir 60 studiepoeng.

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!