Musikk, opne fordjupingsemne
Høgskulen i VoldaMusikk, opne fordjupingsemne
Som musikkstudent i Volda får du får du ta del i eit aktivt og rikt musikkmiljø. Vi har eige kor og symfoniorkester, profesjonelt musikkstudio og gode øvingslokale, og det vert lagt til rette for at du får utvikle deg som utøvar.
Årsstudiet gir deg eit godt grunnlag for eit yrke innanfor skule- og kultursektoren, til dømes lærar, musikar, låtskrivar, produsent eller arrangør.
Høgskulen i Volda
Velkomen til Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Aktiv fritid i Volda
Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.