Vis studentum.no som: Mobil

Musikk - Bachelor

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Varighet: 3 år
Studielån/Stipend: Ja
Heltid/Deltid: Heltid
Søknadsfrist: 15. april
Utdanningsinstitutt: Høgskulen i Volda
Type utdanning: Bachelor
Oppstart: Høst - Volda

Musikk - Bachelor

bachelor i musikk på høgskulen i volda

Ta musikkutdanning på Høgskulen i Volda

Har du lyst til å lære meir om musikk, spele og komponere saman med andre? Som bachelorstudent i musikk får du ei solid og allsidig musikkutdanning. Studiet passar for deg som vil utvikle deg som utøvar og kan tenkje deg å undervise i grunnskulen, kulturskulen og elles i kultursektoren.

Høgskulen i Volda har eige høgskulekor og symfoniorkester, og kan tilby musikkstudio på profesjonelt nivå og gode øvingslokalitetar.

Innhald på bachelor i musikk

Bachelorprogrammet skal gi deg kunnskapar og ferdigheiter mellom anna innanfor musikkpedagogikk, instrumentaldidaktikk, musikkutøving og -formidling, komponering og arrangering. Du skal utvikle fagleg, kunstnarleg, didaktisk og sosial kompetanse, i tillegg til yrkesetisk refleksjon. Gjennom individuell hjelp og rettleiing skal du utvikle deg sjølv som utøvar på eit instrument eller som songar.

Vil du studere musikk i utlandet?

Delar av studiet kan takast ved utanlandske institusjonar, som til dømes musikkonservatoriet i Riga. Andre studiestader kan også vere aktuelle.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Organisering av undervisninga vil veksle mellom førelesing, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Undervisninga vert elles gjort ut frå kva lærar og student finn føremålstenleg. Praksis eller eit praktisk prosjekt i barneskulen og eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i første året på studiet. Studentane får elles i mange høve til å opptre i varierte samanhengar, og høgskulen arrangerer både lukka og offentlege konsertar. .

Aktuelle yrke og vidare studium

Bachelor i musikk kvalifiserer for arbeid både i privat og offentleg sektor, til dømes grunnskulen/skulefritidsordning (SFO), kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar og det frie kulturlivet.

Om du ønskjer undervisningskompetanse i skuleverket, må du bygge på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

Bachelograd (180 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted