Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Musikk - Bachelor

Høgskulen i Volda

Om utdanningen

Som musikkstudent i Volda får du ta del i eit aktivt og rikt musikkmiljø. Vi har eige kor og symfoniorkester, profesjonelt musikkstudio og gode øvingslokale, og det vert lagt til rette for at du får utvikle deg som utøvar.  Dette er studiet for deg som ønskjer ei solid og allsidig musikkutdanning. Du kan mellom anna jobbe i kultursektoren som til dømes musikar, låtskrivar, produsent eller arrangør. Ønskjer du å blir lærar, kan du bygge på utdanninga di med Praktisk-pedagogisk utdanning og få undervisningskompetanse.

Bachelor i musikk har som mål å gi studentane gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor musikkutøving og formidling, komponering og arrangering, musikkpedagogikk og instrumentaldidaktikk. Gjennom individuell hjelp og rettleiing ønskjer vi at du skal kunne utvikle deg som utøvar på eit instrument eller som songar.

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!