Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Medieproduksjon

Høgskulen i Volda

Om utdanningen

Ønsker du eit kreativt yrke? Ved bachelor i Medieproduksjon jobbar du med innhaldsproduksjon og historieforteljing med video. Du utviklar konsept til faktabaserte medieproduksjonar og lærer å planlegge, produsere og distribuere innhald til ulike plattformer. Studiet er akademisk forankra med ein teoretisk del der du lærer å analysere og vurdere medieinnhald. Detaljert studieplan blir publisert innan 1. mars 2021

Medieproduksjon er eit praktisk-teoretisk studieprogram . Den praktiske delen av studiet har fokus på historieforteljing med video. Du lærer om dramaturgi, visuelt språk og produksjonsteknikk, og utviklar kreative, tekniske og profesjonelle ferdigheiter. Det blir lagt vekt på teamarbeid og samarbeidsevner. Den teoretiske delen av studiet er medievitskapeleg. Her lærer du sentrale omgrep og teoriar knytt til analyse av ulike typar medieinnhald og tilhøvet mellom media og publikum. Større prosjektarbeid, produksjonar for eksterne oppdragsgivarar og produksjonspraksis inngår som ein del av studiet. Med ein bachelor i Medieproduksjon kvalifiserar du deg til mange kreative yrker. Du kan jobbe med utvikling av medieprodukt i ulike format og med innhaldsproduksjon til ulike plattformer i produksjonsselskap, moderne mediehus og bedrifter. Du får også eit godt grunnlag for vidare studiar på mastergradsnivå, som til dømes Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda.

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!