Vis studentum.no som: Mobil

Kunst og handverk - Bachelor

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Varighet: 3 år
Studielån/Stipend: Ja
Heltid/Deltid: Heltid
Søknadsfrist: 15. april
Utdanningsinstitutt: Høgskulen i Volda
Type utdanning: Bachelor
Oppstart: Høst - Volda

Kunst og handverk - Bachelor

bachelor i kunst og håndverk på høgskulen i volda

Vil du studere kunst og handverk?

Bachelor i kunst og handverk er utdanninga for deg som vil utøve og formidle kunst og kultur i skulen eller kultursektoren. Studiet er i hovudsak praktisk, der oppgåveløysing knytt til fagteori er sentralt.

Høgskulen i Volda tilbyr også Årsstudium i kunst og handverk.

Innhald på bachelor i kunst og handverk

Studiet gir innsikt og kompetanse i teknikkar innanfor varierte materialområde. Du lærer å nytte kunst- og formkultur som grunnlag for å oppleve og forstå ulike kulturar og andre tiders uttrykksformer som inspirasjon og utgangspunkt for eige skapande arbeid. Det er eit mål å gi studentane forståing for fagfeltet sin eigenverdi i eit historisk, samfunnsmessig, kulturelt og didaktisk perspektiv. Utforming av utstillingar og presentasjonar av eige arbeid, kunst- og kulturstoff eller prosjekt er også ein viktig del av studiet. 

Ta deler av utdanningen i utlandet

Det blir lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av bachelorgraden ved utdanningsinstitusjonar i utlandet som Høgskulen i Volda har samarbeidsavtalar med; University of Glamorgan i Wales eller University of Norwich i England.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er obligatorisk frammøte på store delar av undervisninga. Eiga kreativ utvikling og evne til å leggje til rette for læring står sentralt. Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studieprogrammet kvalifiserer for arbeid i kulturskulen, formidlingsarbeid i museum/galleri, kulturarbeid i kommunar m.m. Om du ønskjer å arbeide i skuleverket, må du byggje på bachelorgraden med eittårig Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Bachelorgraden gir grunnlag for opptak til mastergradsstudium i Kunst og handverk.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

Bachelorgrad (180 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!