Vis studentum.no som: Mobil

Journalistikk, spesialisering tv/radio - Bachelor

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Heltid
3 år
Bachelor
Oppstart: Høst - Volda
Søknadsfrist: 15. april
Ja

Journalistikk, spesialisering tv/radio - Bachelor

bachelor i journalistikk på høgskulen i volda

Bachelor i journalistikk med spesialisering tv/radio

Høgskulen i Volda er nasjonalt kjend for å ha ei av landets leiande journalistutdanningar og utdannar journalistar for alle plattformer. Dette bachelorprogrammet utdannar journalistar med særleg vekt på bruk av lyd og levande bilete.

Høgskulen i Volda tilbyr også Bachelor i Journalistikk med spesialisering avis/nett.

Innhald på journalistikkstudiet

Bachelor i journalistikk, spesialisering tv/radio, gir ei brei innføring i kringkastingsjournalistikken sine mange format, teknikkar og teknologiar. Nettpublisering, som i dag er ein sentral del av jobben for tv- og radiojournalister, har ein sentral plass i utdanninga. 

Studentane får systematisk trening i journalistisk arbeid og kunnskap om jornalistikk som fag, i tillegg til kunnskap og innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål. Der er eit mål å gi studentane trening i å bruke ulike analysemodellar. Arbeidet på studiet varierer frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkar til meir analyserande og undersøkjande journalistikk. Det vert lagt stor vekt på at studentane får bruke det same utstyret som ein finn ute i bransjen.

Utdanninga har fire periodar med obligatorisk praksis. I siste semesteret blir studentane som hovudregel utplasserte i riksdekkande eller regionale medieverksemder der dei går inn i ein redaksjon og arbeider som journalistar.

Studentane må søkje hovudspesialisering i anten fjernsyn eller radio siste året.

Vil du studere journalistikk i utlandet?

Som student på bachelor i journalistikk kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande utdanningsinstitusjonar i utlandet. Det er også mogleg å ha studieopphald på dei andre nordiske journalistutdanningane.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt opp som ein kombinasjon av teori og praksis med førelesingar og praktiske oppgåver enkeltvis og i grupper. Studiet spenner frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkane til meir analyserande og undersøkjande journalistikk.

I alle semestra er det obligatoriske oppgåver, individuelle og/eller gruppeoppgåver. Det er som regel korte fristar for å løyse oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før studenten kan gå vidare i studiet.

Å jobbe som journalist

Kunnskapsrike og kreative journalistar med ei medviten haldning til yrkesrolla si er etterspurde innanfor bransjen. Studentane ved journalistutdanninga får unike og attraktive praksisplassar i landets største mediebedrifter, noko som kan gi framtidig tilsetjing. Både i NRK, TV2 og VGTV og P4 arbeider mange journalistar som har studert i Volda. 

Videre studier/jobbmuligheter

Bachelorgraden dannar grunnlag for opptak til relevante mastergradar i Noreg og i utlandet.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse. 

Studiefakta, Tittel m.m

Bachelorgrad (180 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!