Vis studentum.no som: Mobil

Idrett - Årsstudium

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Heltid
1 år / 2 semester
Årsstudium
Oppstart: Høst - Volda
Søknadsfrist: 15. april
Ja

Idrett - Årsstudium

studere idrett på høgskulen i volda

Vil du lære meir om idrett?

Årsstudium i Idrett gir grunnleggjande innføring i arbeid med idrett i undervisning og trening i grunnskulen. Høgskulen har gode fasilitetar: idrettssalar, symjehall, ulike treningsbaner, treningsrom og testlaboratorium. Den utfordrande sunnmørsnaturen dannar ei naturleg ramme rundt ulike uteaktivitetar. 

Høgskulen i Volda tilbyr også Bachelor i Idrett.

Innhald på årsstudiet i idrett

Du får erfaring og innsikt i idretts- og friluftsaktivitetar og eigenutvikling. Studiet er sett saman av praktiske aktivitetar, teoretiske emne og undervisnings- og instruksjonspraksis. Du skal tileigne deg dugleik, erfaring, kunnskap og innsikt i fagområdet med dei tilpassingane som er nødvendige for å møte barn og unge med ulike føresetnader. I tillegg skal du få erfaring og innsikt i dei idrettsaktivitetar som er forpliktande for kroppsøvingsundervisninga i skulen, og dessutan få praktisk røynsle med idrett, dans og friluftsliv.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det vert veksla mellom førelesingar, praktisk arbeid, gruppearbeid, eigentrening og ekskursjonar/kurs. Ein må rekne med utgifter til reiser og kurs og diverse turutstyr. Studentane skal anten gjennomføre skulepraksis eller instruksjonspraksis i idrettslag eller frivillige organisasjonar.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudiet i idrett er særleg relevant for deg som ønskjer å arbeide i ulike skuleslag eller andre felt der det vert drive fysisk aktivitet, som t.d. i frivillig organisert og uorganisert idrett, i privat og offentleg verksemd.

Studiet kan takast som vidareutdanning for lærarar, eller det kan innpassast i Bachelor i Idrett ved Høgskulen i Volda eller inngå som valfri del i andre bachelorgradar.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

Årsstudium (60 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!