Vis studentum.no som: Mobil

Historie - Årsstudium

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Heltid
1 år / 2 semester
Årsstudium
Oppstart: Høst - Volda
Søknadsfrist: 15. april
Ja

Historie - Årsstudium

årsstudium i historie ved høgskulen i volda

Innføring i norsk og internasjonal historie

Historie årsstudium gir ei grunnleggande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram til i dag, i tillegg til ein elementær introduksjon i historisk metode.

Høgskulen i Volda tilbyr også Bachelor i Historie.

Studieinnhald på årsstudiet i historie

Studiet er sett saman av fire emne à 15-studiepoeng. Tre av emna er obligatoriske grunnemne i oversynshistorie, og i tillegg vel ein eitt teoretiske fordjupingsemne. Fordjupingsemnet kan ikkje veljast før to av dei obligatoriske grunnemna er fullført.

Obligatoriske emne vårsemesteret:

  • Norsk og internasjonal oversynshistorie, ca 300–1536
  • Norsk og internasjonal oversynshistorie, ca 1536–1870
  • Norsk og internasjonal oversynshistorie, ca 1870–2000

Valbare emne (ein tek atterhald om endringar):

  • Historisk innføringsemne
  • Globalhistorie. Europa, Vesten og verden
  • Lokal-, familie- og mikrohistorie

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga i oversynsemna er organisert som førelesingar og seminar. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i Fronter. Det er difor ein føresetnad at studenten er kjend med elementær internettbruk. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Historie årsstudium kan saman med anna yrkesutdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje område.Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie.

Årstudiet tilsvarer første året i bachelor i Historie ved Høgskulen i Volda. Det er mogleg å søke overgang til bachelorstudiet innan 20. mars. Det kan også inngå som valfri del i andre bachelorgradar, og gir grunnlag for opptak til fordjupingsstudium i faget.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

Årsstudium (60 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!