Vis studentum.no som: Mobil

Helse- og sosialfag, meistring og myndiggjering - Master

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Deltid
2 år (samlingsbasert)
Master, 2 år
Oppstart: Høst - Volda
Søknadsfrist: Løpende opptak
Ja

Om utdanningen

Master i helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering 

Dette masterstudiet gir deg kunnskap om korleis du som helse- og sosialarbeidar kan hjelpe brukarar til å meistre oppgåver og ansvar i ulike tilstandar og livsfasar. Gjennom studiet av brukarretta kommunikasjon og informasjonsarbeid, tverrprofesjonelt samarbeid og relasjonsorientert klinisk arbeid, lærer du kva som ligg til grunn for læring, meistring og myndiggjering (empowerment).

Studiet vil også gi deg kompetanse i å leie og utvikle helse- og sosialtenester. 

Samlingar

Samlingane er lagt til Høgskulen i Volda. Mellom samlingane vil samarbeidet mellom lærar og student foregå nettbasert med hjelp av e-læringsverktøy (Canvas).

Opptakskrav/Søknad

  • Bachelorgrad i helsefag, sosialfag eller pedagogiske fag.
  • Cand.mag.-grad med relevant fagsamansetjing.
  • Annan relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang.

For dei to siste punkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, derav 20 studiepoeng på fordjupingsnivå.

Studiefakta, Tittel m.m

Mastergrad (120 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!