Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering
Høgskulen i VoldaHelse- og sosialfag – meistring og myndiggjering
Masterutdanninga gir deg kunnskap om korleis du som sosial- og helsearbeidar kan bidra til at brukarar kan meistre utfordringar i ulike tilstandar og livsfasar. Gjennom fokus på relasjonsorientert brukarretta kommunikasjon, samarbeid med brukarar, pårørande og andre profesjonelle lærer du kva som kan fremje utvikling, meistring og myndiggjering (empowerment). Du vil få omfattande innsikt i korleis strukturelle forhold bidreg til ulike vilkår for meistring for ulike brukargrupper.
Studiet vil bidra til at du utviklar kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit, for å fremje eigen meistring og myndiggjering i din profesjonelle rolle.