Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Friluftsliv og naturguide

Høgskulen i Volda

Om utdanningen

Høgskulen i Volda har eit høgt kvalifisert fagmiljø innanfor idrett og friluftsliv. Mykje av undervisninga er lagt til den varierte og utfordrande sunnmørsnaturen. Høgskulen har også eigen kystfriluftslivsbase med både naust, båtar, telt og hamner. Utdanninga gir deg brei kompetanse til å kunne arbeide med opplæring, guiding og helsefremjande arbeid med ulike målgrupper i naturen. Du kan også ta Praktisk-pedagogisk utdanning for å få undervsiningskompetanse og bli lærar.  Følg oss på Facebook og Instagram! 

Studieprogrammet skal gi deg personleg og fagleg utvikling både teoretisk og praktisk, og kompetanse til å forstå og utøve profesjonsrolla som friluftslivsvegledar og naturguide. Det første studieåret får du grunnleggande innføring i friluftsliv og rettleiing. Undervisninga er lagt til ulike naturtypar. Det andre studieåret er naturguiding i fokus, og du skal opparbeide solide og omfattande ferdigheiter som guide sett i høve til reiseliv og turisme. Fokus vil vere retta mot å gi gjestar ei trygg og god naturoppleving. I det tredje året vert det lagt vekt på helsefremjande arbeid og motivasjonsspsykologi.

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!