Vis studentum.no som: Mobil

Friluftsliv - Årsstudium

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Heltid
1 år / 2 semester
Årsstudium
Oppstart: August - Volda
Søknadsfrist: 15. april
Ja

Friluftsliv - Årsstudium

årsstudium i friluftsliv ved høgskulen i volda

Vil du ta friluftsliv som årsstudium?

I årsstudiet i friluftsliv vert det lagd vekt på å gi studentane gode naturopplevingar og inføring i inspirerande fysiske aktivitetar. Sunnmørsnaturen dannar grunnlag for ulike utfordringar som er relevante både i skule og turisme. 

Studiet gir kompetanse i å undervise og rettleie i friluftsliv. Studentane skal få kunnskap om og allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve. Det vert fokusert på å gi nødvendig kompetanse for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav, og innsikt i rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skule og fritid.

Høgskulen i Volda tilbyr også Bachelor i Friluftsliv.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Opplevingar og erfaringar ein får ute vil gi grunnlag for drøftingar og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil dermed veksle mellom turprega utandørsopphald, som kan vare over fleire døgn, gruppearbeid og plenumsdrøftingar og forelesing. Ein føreset at studentane er fysisk skikka og utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Under samlingane vil ein bu i telt, bevege seg i ulendt terreng og bære oppakning. Studentane må vere symjedyktige. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudiet kvalifiserer for arbeid i mellom anna skuleverket, reiselivet og organisasjonar. Det dannar grunnlag for opptak ved Friluftsliv fordjupingsstudium og natureguidestudiet og kan innpassast i bachelor i Friluftsliv ved Høgskulen i Volda.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

Årsstudium (60 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!