Examen philosophicum
Høgskulen i VoldaExamen philosophicum
Examen philosophicum skal gi deg innsikt i sentrale filosofiske spørsmål, og korleis ei rekkje filosofar har drøfta og svart på desse spørsmåla til ulike tider. Dei sentrale fagområda er filosofi- og vitskapshistorie, generell vitskapsfilosofi og allmenn moralfilosofi.
Emnet kan inngå i bachelorgradar, og er likeverdig med tilsvarande studium ved universiteta.
Høgskulen i Volda
Velkomen til Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Aktiv fritid i Volda
Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.