Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Engelsk, årsstudium, heiltid

Høgskulen i Volda

Om utdanningen

Engelsk årsstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå, og kan utgjere ein del av ein bachelorgrad, t.d. bachelorgraden i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.

I løpet av studietida skal du opparbeide deg kunnskapar i grammatikk, fonetikk og litteratur før og etter 1900-talet. Du lærer å bruke engelsk sikkert og funksjonelt, både skriftleg og munnleg. I tillegg får du erfaring med å identifisere og analysere språkstrukturar, eldre og nyare engelskspråkleg litteratur og samfunnsstilhøve, hovudsakleg frå britisk og amerikansk område.

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!