Vis studentum.no som: Mobil

Engelsk - Årsstudium

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Heltid
Søknadsfrist: 15. april
Årsstudium
1 år / 2 semester
Ja
Oppstart: Høst - Volda

Engelsk - Årsstudium

årsstudium i engelsk på høgskulen i volda

Innføring i engelskfaget ved Høgskulen i Volda

Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda og er morsmålet til om lag 400 millionar menneske. Det er dessutan eit viktig andrespråk for mange fleire. Eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York er ein del av dette studiet.  

Høgskulen i Volda tilbyr årsstudium i engelsk på både heiltid og deltid.

Studieinnhald

Engelsk årsstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Etter fullført studium skal du kunne bruke engelsk sikkert og funksjonelt, skriftleg og munnleg. Du skal også kunne identifisere og analysere språkstrukturar, eldre og nyare engelskspråkleg litteratur og samfunnsstilhøve (hovudsakleg frå britisk og amerikansk område).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga skjer mest i form av forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Studiet har krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Utdanning i engelsk gir attraktiv kompetanse

Årsstudium i engelsk gir attraktiv kompetanse som del av kvalifikasjon til yrke, både i privat og offentleg sektor: i skulen, reiselivet, administrasjon, forlag, og andre stader der det blir kravd gode engelskkunnskapar.

Årsstudiet kan også inngå som del av bachelorgradar (t.d. Bachelor i språk og litteratur).

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

Årsstudium (60 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!