Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Om utdanningen

Bachelor i animasjon gir deg innføring i alle vanlege animasjonsteknikkar, inkludert teiknefilm, dokkefilm, cut-out og dataanimasjon. Animasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda er internasjonalt kjend, og mange av dei norske suksessane både i animasjonsfilm- og reklamebransjen er skapte av tidlegare studentar. Utdanninga er også kjend for filmfestivalen Animation Volda som vert arrangert kvar haust. Sjå spelelista vår på Youtube Følg oss på Instagram Detaljert studieplan blir publisert innan 1. mars 2021

Animasjonsstudiet er eit integrert treårig praktisk-teoretisk studium, og kvalifiserer deg til profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk og animasjon i kombinasjon med nyhende, informasjon, reklame og underhaldning. Studentproduksjonar utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er i hovudsak her den praktiske læringa finn stad. I samband med dei praktiske oppgåvene får du individuell rettleiing og oppfølging på alle ledd i produksjonen.

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!